Hopp til hovedinnhold

Vik Songlag

Om koret

Vik Songlag rundar i 2022 heile 155 år, men alder er inga hindring, heller ikkje for songkoret som no bokstaveleg tala opplever ein ny vår. Både i form av nye dirigentkrefter og nytt repertoar, men ikkje minst fordi fleire nye songglade medlemmer har dukka opp på øvingane våre. Dirigent Tom Jarle Istad Kristiansen, er profesjonell kordirigent, og dirigerer kor i Kristiansand, i regionen rundt Voss og altså her i Vik. Under hans leiing fekk me gjennomført to flotte julekonsertar før jul i 2021, i Vik og i Fresvik kyrkjer. Tidlegare har me hatt konsertar saman med andre kulturaktørar i kommunen, men no hadde koret eit fullverdig konsertprogram åleine – med eigne solistar. Veldig kjekt! Styret ynskjer og å bidra til at koret vert ein arena for mangfald og inkludering. Me ynskjer at alle innbyggjarar i kommunen vår, skal ha tilbod om å synge i kor, og vil i planlegginga av seminar og konsertar, ha eit særleg fokus på korleis me kan legge til rette for yngre og for innvandrarar som kan tenkje seg å synge i kor. Ved å arrangere ulike seminar og konsertar, ynskjer me og å vise fram kva koret kan tilby av opplæring, aktivitetar, sosialt fellesskap og tilhøyr i kommunen vår. I haust skal koret ha konsert på Voss 22. september og julekonsertar i desember. Koret øver annankvar torsdag i Vikjahalli- alle songglade er hjarteleg velkomne. Sjå og Facebook sida vår for oppdatert informasjon.

Nøkkelinfo

Type kor: Blandakor

Sjanger: Blandede sjangre

Øvingstid: Torsdag 19:00–22:00

Adresse: Vikjahalli, 6893, Vik i sogn

Distriktsledd: Sogn og Fjordane

Besøk VIK SONGLAG på Facebook

Har du lyst til å
bli med i et kor?

Å bli med i kor er enklere enn du tror. Her er din guide til hvordan du kommer i gang!

Ønsker du å vise
frem koret ditt her?

Som medlem i Norges Korforbund får koret ditt en rekke fordeler, blant annet økt synlighet ved å presenteres på våre sider.