Hopp til hovedinnhold

Silisium Vokal

Om koret

Silisium Vokal er ei vokalgruppe i Bremanger kommune.  Vi er eit reint kvinnekor og framfører først og fremst låter i pop-genren men prøvar oss òg på andre sjangre innimellom. Vi samarbeider gjerne med profesjonelle musikarar på våre konsertar. Om medlemmane: Fleire syng i andre lokale kor i tillegg medan andre igjen har lang erfaring som vokalister på ulike show og i band i kommunen /fylket. Nokre er musikklærarar og brukar kompetansen sin i Silisium Vokal.  Vi kjem frå 3 ulike bygder i Bremanger kommune og vi prøvar å ha ei øving kvar veke. Vårt første år 2017 bar preg av ein pangstartkonsert med mykje gode tilbakemeldingar !!! Etter dette fekk vi ein del oppdrag både offentlege og private - det likar vi godt.  Navnet vårt er teke ifrå kommunen vår si store eksportvare - Elkem i Svelgen produserer silisium ; som ein kan finne i alle mobiltelefoner i verden.. No har ikkje vi tenkt å slå igjennom i heile verden MEN egenskapene til silisium er lett å relatere seg til for oss: det er eit stoff som lett kan knytte seg / blandast med andre metall! Det kan vi òg på mange plan , både musikalsk og elles! Navnet vårt er faktisk heilt perfekt! Vi gleda oss veldig til fortsettelsen til Silisium Vokal - det finns SÅ mykje vakre og tøffe songar som bør syngast !

Nøkkelinfo

Type kor: Vokalgruppe

Sjanger: Pop/Rock/Rytmisk

Har du lyst til å
bli med i et kor?

Å bli med i kor er enklere enn du tror. Her er din guide til hvordan du kommer i gang!

Ønsker du å vise
frem koret ditt her?

Som medlem i Norges Korforbund får koret ditt en rekke fordeler, blant annet økt synlighet ved å presenteres på våre sider.