Brødsmulesti
Meland Seniorkor
Om koret
Meland Seniorkor vart starta i 2020 Utgangspunktet var Meland Pensjonistkor, starta i 1999, med Gunnar Furubotten som dirigent og Arvid Sakseide som repetitør. Av helsemessige grunnar vart koret nedlagt i 2019. Same året vart Meland Seniorkor starta med utgangspunkt i dei som var igjen i Pensjonistkoret. Ny dirigent var Kristine Fluge og repetitør Inger Leithaug. So kom pandemien, og det vart slutt på korøvingane. Etterkvart kom det liv att i koret som har vakse og vakse! Kristine Fluge er stadig dirigent og repetitør er no Gisken Nygård. Med dei to i styringa, er det ei glede å vera på korøving. Vi har sanneleg fått erfare at "Sangen lar oss komme i kontakt med våre følelser. Den bidrar til avspenning både fysisk og følelsesmessig. Den gir energi og fyller vår kropp med luft gjennom dype åndedrett!" "Sang aktiverer nemlig signalstoffene dopamin og oxycotin i hjernen, og begge øker følelsen av lykke og velvære!" Og slik har vi det! Vi gler oss til samværet - til øvinga og til fellesskapet. Vi er deleigar og øver i Stiftinga Nordgardsløa sentralt på Frekhaug. Vi øver kvar tysdag i oddetalsveker, kl. 14.00 - 15.30. Som i mange kor manglar vi og mannsstemmer, men har heldigvis fått med oss nokre damer som tenorstemma passar godt for! Meland Seniorkor er eit kor for seniorar i alle aldrar, og ein treng ikkje vera heimehøyrande i Meland for å vera med. Vi syng mykje viser på norsk (bm/nyn), ltt svensk og litt engelsk, samt julesongar, sjølvsagt. SAT. Vi har faste songoppdrag som t.d. på eldredagen. LHL-basaren, korkafé og sjukeheimen samt at vi har to eigne konsertar kvart år. I samband med konsertane, arrangerer vi og basar. Dette har vi etterkvart fått god dreis på. Det er eit kjekt arrangement som og gjev plass til mykje allsong. Og pengar i kassa! Med medlemsskap i Korforbundet, reknar vi med å delta på ein del av deira arrangement framover.
Nøkkelinfo
Type kor: Blandakor
Sjanger: Blandede sjangre
Øvingstid: Tirsdag 14:00–15:30
Adresse: Nordgardsløa, Havnevegen 34, 5918, Frekhaug
Distriktsledd: Hordaland
Andre kor i distriktet
Korall (Vestland)
Korall er et veletablert damekor, som øver i Fana bydel. Vi er for tiden 24 aktive sangere, fra 25-6…
Rådal
Damekor
Blandede sjangre
Flaktveitgjengen Blandakor
Flaktveitgjengen blandakor ble startet i 1992 på Flaktveit i Åsane. Vi er i dag 28 entusiastiske sa…
Flaktveit
Blandakor
Blandede sjangre
Ask Mannskor
Vi er ett muntert og trivelig kor, som liker å synge lette og trivelige sanger. Evert Taube for ekse…
Ask
Mannskor
Blandede sjangre
Har du lyst til å bli med i et kor?
Å bli med i kor er enklere enn du tror. Her er din guide til hvordan du kommer i gang!
Ønsker du å vise frem koret ditt her?
Som medlem i Norges Korforbund får koret ditt en rekke fordeler, blant annet økt synlighet ved å presenteres på våre sider.