Hopp til hovedinnhold

Kaupanger Bygdakor

Om koret

OMTALE AV KAUPANGER BYGDAKOR Koret blei starta hausten 1975 og feira 40 år helga 17 – 18.oktober 2015 med festmiddag og underhaldning med mange inviterte gjester. På våren 2019 frå 24 - 26. mai arrangerte koret songarstemne med stor og god deltaking av ca 210 songarar. Vellukka stemne med fint ver og kjempestemning på festmiddagen der det var god mat, flott underhaldning og mange flotte songinnslag frå dei fleste kora. Stemnekontoret var på Vesterland og opningsseremonien på Sogn Folkemuseum, profankonserten var på Vesterland om laurdagen. Stemnet blei avslutta med sakralkonsert i Stedje kyrkje på søndagen, fin og variert konsert med mange tilhøyrarar i benkene. Gode tilbakemeldingar frå alle deltakarane. Stemnet gav også koret gode inntekter. Hausten 2019 var koret med på eit musikalprosjekt på Skei under leiing av Erlend Os. På grunn av koronapandemien frå våren 2020 blei prosjektet skrinlagt inntil vidare. Fekk øvd ein del utover hausten 2020 med utandørsøvingar og øvingar på ZOOM og Facebook, me klarte å halda "liv" i koret. Våren 2021 var det fleire medlemer som gav seg og me vurderte situasjonen som vanskeleg. Men med ein kreativ dirigent med stor fantasi og produksjon av videosnuttar og innslag på Facebook og i Sogn Avis om at koret var i krise og kanskje måtte gje seg, kom det mange nye medlemer på plass frå hausten 2021. Me hadde ei fin framføring på opninga av ViteMeir-senteret på Kaupanger laurdag 13. november 201. 23 stk deltok frå koret og me fekk både applaus og gode tilbakemeldingar frå publikum. Julekonsert i Skogly Ungdomshus 19. desember 2021 blei diverre avlyst og likeså Juletrefest 29.desember pga smittevernreglane. Etter litt fråfall ved inngangen til 2022, er me no 29 aktive medlemer + dirigent KARI MALMANGER. Det gjev oss ny glød og stor songglede og tru på framtida! I vår deltok me på songarstemne i Florø siste helga i mai. Då me var 18 stk som deltok. Etter oppstarten 18.august i haust har me fått enda 6 nye medlemer som er veldig bra. Det ble gjennomført 2 konsertar med Musikalprosjektet i oktober 2022 med 5 av medlemane våre som deltakarar. Koret har òg delteke på kyrkjekonsert i Årdal 25. oktober. Vidare held koret Julakonsert i Skogly 18. desember og god gammeldags "Julatrefest" i Skogly Ungdomshus 29.12.2022. No gler me oss til masse sang og moro framover i 2023, men me håpar på endå fleire nye medlemar. Me har eit spennande og variert repertoar og ein fantastisk dirigent i Kari Malmanger. Harald Fimreite - leiar 05.01.2023

Nøkkelinfo

Type kor: Blandakor

Sjanger: Blandede sjangre

Sted: Sogndal

Distriktsledd: Sogn og Fjordane

Har du lyst til å
bli med i et kor?

Å bli med i kor er enklere enn du tror. Her er din guide til hvordan du kommer i gang!

Ønsker du å vise
frem koret ditt her?

Som medlem i Norges Korforbund får koret ditt en rekke fordeler, blant annet økt synlighet ved å presenteres på våre sider.